Nyheter / 11.02.16

Nye ordrar til Scana Propulsion på framdriftsanlegg til brønnbåtar

Scana Propulsion har inngått ordre med Havyard Ship Technology om levering av gir og propellanlegg med kontrollsystem til ny brønnbåt. Brønnbåten er bestilt av Norsk Fisketransport AS, og skal byggast ved Havyard Leirvik. Dette er tredje brønnbåt med Havyard 587 design som vert utstyrt med Scana framdriftssystem.

Framdriftsanlegget frå Scana Propulsion skal leverast i november 2016, og skipet er planlagt levert frå verftet i april 2017. Kontrakta inkluderer opsjon på ytterlegare ein leveranse.

Det er også inngått kontrakt mellom Scana Propulsion og Aas Mekaniske Verkstad om levering av gir og propellanlegg med kontrollsystem til ein brønnbåt av AAS 3602 ST design til Nova Sea AS.

Framdriftsanlegget frå Scana Propulsion skal leverast i november 2016, og skipet er planlagt levert frå Aas Mekaniske i juni 2017. Sidan 2014 er dette femte brønnbåt frå Aas Mekaniske som er utstyrt med Scana Propulsion gir og propellanlegg.

«Scana Propulsion har lange tradisjonar for levering til fiskefartøy og spesialskip, og det er svært gledeleg at betydelege aktørar som Havyard, Aas Mekaniske, Nova Sea og Norsk Fisketransport vel Scana framdriftsanlegg. Vi set stor pris på samarbeidet, og vi er glade og takknemlege for å kunne ta del i denne investeringsbølgja brønnbåtrederia no foretek, og som kjem norsk verfts‐ og utstyrsindustri til gode», seier Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Scana Volda. «I den stramme marknaden for skipsbygging generelt, er dette ei stadfesting på Scana Propulsion si kompetanse og konkurranseevne», avsluttar Pettersen.

For ytterlegare informasjon ver venleg å kontakte:
Hallvard Pettersen, dagleg leiar Scana Volda AS, Tel: +47 992 65 442
Inge Bøen, CEO, Scana Propulsion AS, Tel: +47 908 31 549